Skafså Kraftverk ans. Gausbudammen. Bygging av Tømmerkistedam.
Bakgrunn for ny tømmerkiste.
Gausbudammen er ikkje underlagt sikkerhetsforskriften, men eigar av vassdragsanlegg har alltid ansvar for sikkerhet og vedlikehald av anlegg i vassdrag. j.f vassresurslova §§ 5,37 og 47.
Vi hadde inngått avtale med grunneigerane i 1953 om å ”demme opp Gausbuvatnet om lag 0,5 meter”. I dei seinare år har kravet om stabilt vassnivå vore vanskeleg å imøtekome på grunn av større og større lekasjar i dammen, og vekslande driftsformer oppstrøms for Gausbu .
Den gamle dammen trong sterkt vedlikehald, og desse forhold tilsa at vi måtte rehabilitere.
Til erstatning for å bygge ein ”moderne” dam i betong, meinte vi det passa betre å bygge ein tømmerkistedam etterligna gamal byggeskikk, men med fullverdige krav til sikkerhet og kvalitet.
Årstall: 2000
Lendgde: 00:14:52.88