Forside Videoar Meining, Mat og Mot i Vinje
Visning

Meining, Mat og Mot i Vinje

0
Beskriving
A
Torsdag 27. februar kl 17.00 - 22.00. Vinejhuset. Over 400 folk møtte opp.

Meining, mat og mot - Vinje: framtidstru og forsyningstryggleik
Vel møtt til eit stort, ope folkemøte om matsikkerheit, beredskap, forbrukarmakt og betydinga av levande lokalsamfunn. Vinjehuset torsdag 27. februar!
På plakata står:

 Folkeopplysar ANDERS NORDSTAD: Det er maten vår for pokker! Anders set mot i oss forbrukarar, syner oss innsida av matvarehandel og matprisar, går daglegvarehandelen grundig etter i saumane, og avslører etablera sanningar som ikkje er så sanne likevel. 
 Sersjantmajor og sjefssersjant ved Forsvarets høgskule, JAN HELGE DALE, frå Øyfjell! Med meir enn 30 år i Forsvaret har han stor innsikt i korleis lokalkjennskap, -kunnskap og matforsyning byggjer beredskap både i krig og fred.
 Dei driftige og inspirerande folka på DELÅS GÅRD, Camilla og Raymond, som viser veg for matproduksjon på lokale ressursar og sjølvberging.
 "Vi må tørre å si det som er sant!" -seier han. Ofte! 
Bautaen på Stortinget, distriktas sterke røyst og grasrotas uslitelege forkjempar PER OLAF LUNDTEIGEN kjem på scena i Vinje!
 Grunnleggar av folkerørsla Meining, Mat og Mot, og fagperson i internasjonal mattryggleik, EDEL URSTAD : " Mat og Vatn er PRI NR 1!"
Det blir og panelsamtale med toppar frå telemarkspartia om beredskap og matforsyning.
Heile 10 politiske parti er med!

Telemark Senterparti - Olav Urbø 
Telemark INP - Gitte Pettersen
Rødt Telemark - Tobias Drevland Lund
Partiet DNI Telemark - Owe Ingemann Waltherzøe 
Telemark SV - Vilde Berg-Nilsen 
Arbeiderpartiet Telemark - Jone Blikra
Telemark Høyre - Helene Røsholt 
Fremskrittspartiet Telemark - Line Marlene Haugen 
Vestfold og Telemark Venstre - Gustav Søvde
Telemark MDG - Eivind Vrålstad
 FJELLRØYST syng for oss!
 Programleiar for kvelden er ingeniør og spelemann, TORGEIR STRAAND!
Det er mange som lyfter i lag for felles sak denne kvelden. Alle vil bli presentert fortløpande her på arrangementet fram mot sjølve kvelden.
Det bli servert velsmakande suppe frå klokka 17.00 fram til programstart kl 18.00. Dynnane opnar 16.30. Vèr tidleg ute, og samkøyr eller parker nedi Åmot, då det fort bli full parkering ved Vinjehuset.
Kaffe og kaker i pausa.
Arrangementet er GRATIS og det er inga påmelding. Men det er lurt å vera ute i god tid på sjølve dagen!
Hjarteleg velkomne!

Arrangørar
Folkeakademiet Vinje 
Telemark Bonde- og Småbrukarlag, 
SeniorAkademi Vinje
Folkeakademiet Rauland
Folkeakademiet TeVeBu
Folkeakademienes Landsforbund
Vinje Mållag
Vest-Telemark bonde- og småbrukarlag
Vinje og Tokke Bondelag
Telemark Sau og geit
Vinje og Rauland sau og geit
Tokke sau og geit
Vest – Telemark birøktlag
Fyresdal Bondelag 
TYR Telemark
Hjartdal og Notodden Bonde- og Småbrukarlag 
Vestfold og Telemark Bygdeungdomslag 
Telemark sanitetsforening
Vinje sanitetslag
Øvre Vinje sanitetslag
Rauland sanitetslag
Rauland bygdekvinnelag
Kjeringråd
Rorge grendelag
Tokke og Vinje revmatikerlag
Tokke- Vinje Hagelag
Forsvarsmuseet i Vinje
Øyfjell skyttarlag
Sivilforsvaret Telemark
Vinje og Haukeli Rødekors
Vinje Sikringsradiolag
REKO-ringen Vest-Telemark
Vinjesenteret
Vest-Telemark rådet
Vinje Næringslag
Lega
Tine Øvre Telemark produsentlag 
Tine produsentlag Haukeli Aust, Geit
Kvito
Kulturlandskapssenteret Telemark
Naturvernforbundet i Vest-Telemark
Vinje Tverrpolitisk Bygdeliste
Vinje SV
Vinje SP
Vinje DNI
Vinje AP
Vinje Høgre
Raudt Vest-Telemark
MDG Vest-Telemark
INP Vinje
Vinje KrF 
Telemark Senterungdom 
Sponsorar
Statkraft
Visit Vinje
Tinn Sparebank
Folkeakademienes landsforbund 
Kvito 
Vinje Kommune
TYR Telemark 
Vinje Mållag 
Seljord Veterinærkontor
Sanitetskvinnene Telemark
Vinje Skogeigarlag
Groven camping
Lega
Vest-Telemark Kraftlag
Dyrskun
Rehabiliteringssenteret AiR
Sparebanken DIN Telemark
Tokke kommune
Miljøpartiet dei grøne Vest-Telemark
Vinje Senterparti Se mindre
Meining, Mat og Mot i Vinje