Forside Videoar Hjartdal kyrkje (Telemark)
Visning

Hjartdal kyrkje (Telemark)

0
Beskriving
A
Hjartdal kyrkje er ei krosskyrkje i Hjartdal kommune i Telemark.
Kyrkja vart oppført av byggmeister Halvor Høgkasin etter same skjema som tre kyrkjer teikna av Jarand Rønjom (Åmotsdal kyrkje, Vinje kyrkje og Rauland kyrkje). Som i dei andre kyrkjene er det kor med prekestolaltar i austre krossarm, slik at sjølve kyrkjerommet er T-forma. Kyrkja vart teken i bruk i 1809, men vart ikkje formelt innvigd før 12. juli 1812. Kyrkjerommet fekk eit nygotisk preg i 1888, men vart restaurert i 1940–41. Då vart mykje av det umåla inventaret rekonstruert. Kyrkja fekk altarbilete måla av Terje Grøstad samt nytt Snertingdal-harmonium til 150-årsjubileet i 1962. Det siste vart bytta ut med eit Spigseth-orgel i 2000.
Aust for kyrkja står eit kombinert bårehus og servicebygg.
Facebook
Hjartdal kyrkje (Telemark)