1. august 2017 - Hans Inge Hagen, Jack Hagen
Kviteseid gamle kyrkje ligg i Kviteseid sokn i Øvre Telemark prosti. Ho er bygd i mur og blei oppførd i 1150. Kyrkja har langplan . Kyrkja har vernestatus freda.
Arkitekt: ukjent.
Kviteseid gamle kyrkje, som er ei steinkyrkje frå rundt midten av 1200-talet, er blant Telemarks best bevarte steinkyrkjer. På byrjinga av 1900-talet vart ei ny kyrkje bygd i nærleiken, og den gamle middelalderkyrkja gjekk ut av bruk. Kyrkja, som er lite endra sidan 1200-talet, består av skip med kor med halvrund avslutning. Skipet har ingen vestportal, og sørportalen er difor den einaste inngangen. Portalen er dekorert med ein utskåren boge i tre, med to dragar som tvinnar halsane og bit seg sjølv i ryggen. På 1700-talet vart det bygd våpenhus framfor portalen, ein open sval med trekvelv måla med skyer. Takryttaren er frå 1800-talet.
Skipet, som tidligare har hatt opne takstolar, fekk flat himling i 1713-14. Taket er dekorert med blomsterranker måla av Thomas Blixius, som òg har måla brystningane på galleriet. Desse vart avdekka i forbindelse med ein restaurering i 1929. Det vetle vindauget i vestveggen er frå middelalderen, mens vindauga i sør vart utvida på 1700- og 1800-talet.
I koret er det avdekka innviingskors frå 1200-talet og kalkmåleri og inskripsjonar frå 1500- og 1600-talet. Døypefonten i tre med renessanseornament kan vera frå same tid, mens altertavla i nyklassisistisk stil, med bilete av Nattverden og Krossfestinga, er frå 1777. I korets nordvegg er det eit veggskåp frå middelalderen med ein glatt stein med form av eit brød. Denne er knytt til eit av St. Olavs undre, der brød vart omskapt til stein etter bønn, fordi dei var bakt på Olsok, som er St. Olavs festdag.
Kjelder:
Ekroll, Øystein og Morten Stige: Kirker i Norge 1, Oslo 2000