Grånåfjell (679 moh) på Øverlandsheii.
Om du kunne tenke deg ein tur til Seljords sydlegaste punkt, så må du ta deg ein laaaang skogstur innover Øverlandsheii frå Trollbotn. Seljord har grense på eit punkt frampå Grånåfjell. 651 moh. Grensar mot Kviteseid, Bø (Midt-Telemark) og Lunde (Nome). Der oppe kan du sjå Lifjell på langs. Heilt frå Bjørgenuten til Øysteinnatten. Framover ser du rett på Gygrestolen. Og det regnar eg med du ikkje viste - Å sjå Gygrestolen frå Seljord. Du ser Uvdalsheia og Flåvatn. Dei flott svaberga på Grånåfjell brer seg nedover inn i Kviteseid. Ser ein heimover, får du Brokefjell i siluett og majestetiske Skorve i ruvande prakt. Dette er eit fantastisk område for friiluftsliv og telting. Men, det krever ein lang turmarsj, for å nå hit. Ein kan nok kome seg hit, lettare frå Bø-sida eller Flåbygd, men det er moroast frå Trøllbotn. Turen blir fort vekk 16-17 km lang, så bruk dagen.