Forside Videoar Turen over Vasen
Visning

Turen over Vasen

0
Beskriving
A
Turen over Vasen eller Vassavegen frå Langlim til Åmotsdal er både flott og historisk. Mang ein Langliming heve gått over her til både dåp og gravferd. Om sommaren i 35 varmegrader og på vinteren i -35. Uansett, turvegen over Vasen; Vassavegen. Den er bratt og slitsom. Om du startar fra Valetjønni innerst i Langlim, så er du framme i Rønjomgrendi på 1 1/2 time. 3-4 km lengere mot Åmotsdal. Du kan også ta ein avstikkar opp til Rønjomnuten om du vil. Men, du kan også gå denne som rundtur. Då kan du starte i Dyrlandsdalen, nederst i Valegjuvvegen. Da kan du legge på 3,3 km på turen. For å komme tilbake til denne parkeringa gjeng du ned Rønjomgrendi til Vehustjønni og mot mot enden der du kan gå ned ein sti i til vegen.
Facebook
Turen over Vasen