Dronefylging  ·  Film 2 av 4

Raudkleiv

2022
Forrige Neste

Raudkleiv skianlegg - er eit rekreasjonsområde i nær avstand til sentrum. Dette anlegget er bygd opp over lang tid med tusenvis av dugnadstimar, millioninvisteringar og iver for å ha ein sunn kropp og ei sunn sjel. Næranlegg er så viktig i eit lokalmiljø. Her kan ein gå på ski, stå på slalåm eller snobrett. Her kan ein gå på tur og kose seg med ekte friluftsliv. Tett på og kort frå sentrum. Vinterbrøyta veg med stor parkering på toppen.
Me er veldig glad i Raudkleiv og me er veldig takksame til fabelaktige grunneigarar. Takksame til viktige sponorar og støttespelarar. Me er veldig takksamt til skigruppa (inkl alle ildsjelene) og måten dei har jobba med det på og måten dei held anlegget oppe og i stand på. Det er så utruleg mange som bidreg og så mange som brukar området! Fortsett med det! Seljord treng eit nærliggande rekreasjonsområde, som dette!

Opne video Forside