Ivar Haukelidsæter fortel om Rui-jentune


Informasjon : Ivar Haukelidsæter vart fødd 30.09.25 i Vågslid i Vinje. Familien flutte til Dalen i 1938 og busette seg på Lastein der dei dreiv med slakteri og kjøtbutikk. Ivar byrja jobbe på Victoria og Innland i 1943. Seinare arbeide han og på Telemarken og Norsjø. Han arbeide sommrane på båtane i mange år. I tillegg var han på lensa og i Tokkeåi å flutte timmer. Under krigen gjette også Ivar sauer og kyr oppe på Skafsåheia og Vistadheia. I 1948 reiste han på kvalfangst fyrste gong. Han vart verande med dette yrket i 14 år. I 1955 gifte Ivar seg med Lisette frå Nederland og same året vart Lastein ekspropiert grunna Tokkeutbygginga. Lisette ynskte å bygge ved sidan av Rui. Ho ville kome litt opp frå Dalen for så å få utsikt til Bandak. Samstundes vart dei nabo med Rui-jentune som allereie var deira gode vener. Etter at boka om Rui-jentune kom ut vart dette ein kjent plass for mange og i dei seinare åra har turiststraumen hit vore stor. I 1993 overtok Åsmund Haukelidsæter, son av Lisette og Ivar, Rui-plassen. Ivar har vore trufast på Rui med slåmaskin og ryddesag i mange år. Han har tatt i mot mykje turistar for så å fortelje om tida då Rui-jentune livde.

Ã…r : 2007

Lengde : 00:44:43.68

Kommentarer: